Wikipedia:Atterhald
Nynorsk Wikipedia er eit oppslagsverk som ligg tilgjengeleg på Internett. Innhaldet er ope, dvs at det blir skapt av ei frivillig samanslutning av einskildpersonar og grupper, som utviklar ein felles ressurs av menneskeleg kunnskap.
[endre] Inga formell fagfellevurdering
Prosjektreglane tillèt kvar og ein med internettsamband og ein nettlesar til å endre på innhaldet som finst her. Difor er det som står i Wikipedia ikkje nødvendigvis gjennomgått av profesjonelle med spesialkunnskap innanfor dei ulike områda, som er naudsynt for å sikre fullstendige, presise og pålitelege opplysingar.
Ingen av forfattarane, bidragsytarane, sponsorane, administratorane, systemoperatørane eller nokre andre med tilknyting til Wikipedia kan gjerast ansvarleg for at det finst unøyaktig informasjon, eller for andres bruk av dei opplysningane som ligg på desse nettsidene eller som blir nådd via lenkjer derfrå.
Dei som har behov for presis rådgjeving – t.d. medisinsk, juridisk eller økonomisk – bedast oppsøkja ein kyndig som har rett til å drive ei verksemd eller som har spesialkunnskap på det fagområdet.
[endre] Ingen kontrakt, avgrensa bruksløyve
Ver venleg å sørgje for at du forstår at opplysningane her stillast gratis til rådvelde for frivillig bruk, og at inga form for avtale eller kontrakt er oppretta mellom deg og eigarar eller andre brukarar av denne nettstaden, eigarane av lagringsplassen der innhaldet ligg, den einskilde Wikipedia bidragsytarar, kvar og ein prosjektadministrator, systemoperatør eller nokre andre i tilslutning til dette prosjektet eller systerprosjekt som kan gje grunnlag for å rette krav mot dei. Du blir tildelt eit avgrensa bruksløyve til å kopiere kva som helst av innhald frå denne nettstaden, men det skaper ikkje og impliserer ikkje noko kontraktsmessig eller utanomkontrakstleg ansvar for Wikipedia eller nokre av representantane deira, medlemmer, organisatorar eller andre brukarar.
Det finst ingen avtale eller forståing mellom deg og Wikipedia omkring bruk av innhaldet eller endring av innhaldet utover Creative Commons Namngjeving-Del på same vilkår 3.0 Unported og GNU Free Documentation License (GFDL), på same vis er det ingen knytt til Wikipedia som kan stillast til ansvar viss nokon har endra, redigert eller fjerna noko informasjon som du har lagt inn i Wikipedia.
[endre] Utfyllande skildring av atterhald på engelsk
- Wikipedia gjev ingen garanti for påliteligheita av innhaldet, les fullstendig tekst på engelsk: Wikipedia:General disclaimer
- Bruk Wikipedia på eigen risiko, les Wikipedia:Risk disclaimer
- Wikipedia gjev ikkje medisinske råd, les Wikipedia:Medical disclaimer
- Wikipedia gjev ikkje uttrykk for rettslege synspunkt, les Wikipedia:Legal disclaimer
- Wikipedia har innhald du kan finne krenkjande, inkludert «avsløringar», les Wikipedia:Content disclaimer