Wikipedia:Samfunnshuset

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk


Samfunnshuset
Ordskiftestaden for Nynorsk Wikipedia

>> Legg til nytt emne


Sjå òg epostlista WikiNN-l - Innføring i Wikipedia - International users / Internationale Benutzer
I samfunnshuset samlar dei seg; storfolk og smått!

Innhaldsliste

[endre] Emne

>> Legg til eit nytt emne
>> Kjellaren, arkiv over eldre diskusjonar

[endre] Årets Wikipedianer!

Wikimedia Norge vil på Wikipedia Academy den 23. april kåre årets norske Wikipedianer. Det er veldig mange bidragsytere som opp gjennom årene har lagt ned ett enormt arbeid på Wikipedia. Det frivillige arbeidet som har blitt lagt ned, har ført til dette nettstedet har blitt en merkevare vi kan være stolte av. Vi i Wikimedia Norge ønsker å synliggjøre dette ved å kåre Årets Wikipedianer. Har du forslag til kandidater, kom gjerne med forslag i denne tråden, helst med en begrunnelse, du kan også sende meg en e-post, der du begrunner ditt forslag. Vennlig hilsen ---Jarle Vines (diskusjon) 21. mars 2012 kl. 13:45 (CET) 21. mar 2012 kl. 13:43 (CET). Styreleder Wikimedia Norge.

[endre] Årets Wikipedianer - Prisutdeling

Wikimedia Norge takker for alle innspillene vi har fått. Styret i Wikimedia Norge har nå foretatt valget. Vinneren (e) vil motta gavesjekker på totalt 10 000,- kroner og et diplom. Overrekkelsen vil skje på førstkommende mandag klokken 1100 på Wikipedia Academy. Oppfordrer alle som muligheten til å stille. Vennlig hilsen --Jarle Vines (diskusjon) 21. april 2012 kl. 18:13 (CEST)

[endre] Årets Wikipedianer - Prisutdeling

Claes Tande og Frode Håvik Korneliussen ble i dag kåret til årets Wikipedianere, de fikk en solid applaus fra de over 100 fremmøtte. Ctande fikk diplom og to gavekort, ett fra Norli og ett fra Wikimedia Norge. Frokor hadde ikke mulighet til å delta, han vil få sin premie tilsendt. Begge satte stor pris på utmerkelsen. Det ar mange Wikipedianere tilstede under utdelingen. Begrunnelsen vil bli lagt ut senere. Vennlig hilsen --Jarle Vines (diskusjon) 23. april 2012 kl. 16:20 (CEST)

Gratulerer både til Claes Tande, og særleg til nn wp sin Frokor, som absolutt fortener denne prisen! Trondtr (diskusjon) 24. april 2012 kl. 15:45 (CEST).

[endre] Namn skrivne med ikkje-latinske alfabet

I artiklar om namn på personar, organisasjonar, og så vidare, som skriv namnet sitt med ikkje-latinske alfabet vert namnet på nynorsk WP skrive med det latinske alfabetet. I nokre høve vert dette fylgd av orginalnamnet, skrive med det opphavlege alfabetet, andre gongar ikkje. Når ein skriv eit namn med eit anna alfabet hender det ofte at det ikkje let seg skriva rett, av di det latinske alfabetet ikkje har naudsynte bokstavar for alle lydane. Eit typisk døme er معمر محمد أبو منيار القذافي, som av og til vert omset med Gaddafi (en), Kadhafi (fr), al-Gaddafi (nn). Eg meiner difor at det opphavlege namnet alltid bør vera med, slik at dei som forstår det opphavlege alfabetet kan sjå kva for eit namn ein siktar til. Sjå òg Diskusjon:Al-Jazari.

Det finst mange ulike alternativ:

  • Berre norsk omsetting med det latinske alfabetet
  • Norsk omsetting pluss originalnamn når det finst mange lesarar som kan lesa både nynorsk og det originale alfabetet. Alfabet i denne gruppa vil truleg vera det kyrilliske alfabetet og det greske alfabetet, men det finst òg mange nordmenn som forstår det arabiske alfabetet (dei som kan lesa arabisk, persisk, urdu, etc.). Kanskje bør òg nokre indiske alfabet vera med.
  • Alltid ha med det opphavlege namnet skrive med det opphavlege alfabetet.

Eg meiner at den siste løysinga er den beste, av di:

  • Då er det ikkje tvil om korleis namnet skal skrivast (for dei som skjønar alfabetet).
  • Det aukar interessa hjå lesarane for å læra seg fleire språk.
  • Det kan vera med på å auka interessa for nynorsk mellom innflyttarar til Noreg, ved at dei tek til å nytta nn-WP.

Uavhengig av kva eg meiner bør dette diskuterast grundig, slik at ein kan koma fram til ein sams praksis. Slik det no er er det fullt kaos. Eg vil spesielt oppmoda dei som arbeider med språk om å koma med synspunkta sine om dette. --Sigmundg (diskusjon) 27. mars 2012 kl. 20:25 (CEST)

Spørsmålet er vel ikkje om slik tekst skal vera med i artiklar, eg trur dei fleste er einige i at me har plass til det. I diskusjonen du viser til, var det ulike syn på om han skal vera med i første setningen av ein artikkel. Dette kan ta opp særs mykje plass, som når fleire ulike namn og ulike alfabet (med sine ulike transkripsjonar) er med, og gjev lite informasjon til det store fleirtalet nynorskbrukarar som ikkje les ikkje-latinske bokstavar. Me bør ikkje kreva at artiklar alltid skal ha ulike skrivemåtar for namn i førstelinja. --Ranveig (diskusjon) 27. mars 2012 kl. 20:45 (CEST)
Det er dette eg tykkjer fleire bør uttala seg om. Å plassera tekst skrive med ikkje-latinske alfabet i ein fotnote ser uryddig ut og bryt flyten i teksten. I nokre artiklar, som til dømes land, kan kanskje teksten plasserast i ein infoboks. I artiklar om språk er det vel naturleg at namnet på språket vert skrive med det opphavlege alfabetet, etter som dei som les slike artiklar truleg er interesserte i å sjå korleis det vert skrive på orginalspråket. --Sigmundg (diskusjon) 27. mars 2012 kl. 23:44 (CEST)
Eg syns dette er eit spørsmål om tekstrytme. Viss det er t.d. er ein artikkel om ein russisk eller arabisk by eller person vil det opphavlege namnet i parantes ikkje utgjere meir enn maks 1/5 av den første setninga i artikkelen. Det går heilt fint. Viss det er snakk om eit artikkelemne som treng ein fleirspråkleg presentasjon (to eller fleire alfabet, to eller fleire språkformer) øydelegg det tekstflyten. Derimot er det sannsynlegvis vel så viktig å få med denne variasjonen, i og med at det ofte er relevant for å forstå artikkeltemaet. I slike tilfelle kan namnefloraen bli flytta litt ned, t.d. til siste setning eller siste avsnitt av intro-delen, avhengig av kor lang artikkelen er. Når det gjeld artiklar om språk skal i alle fall ein presentasjon av skriftsystemet vere ein del av artikkelen. Trondtr (diskusjon) 30. mars 2012 kl. 07:32 (CEST).

Namn på opphavlege skript er sentral informasjon, og bør koma med i byrjinga; slik som dei gjer det på en. Njardarlogar (diskusjon) 26. april 2012 kl. 19:54 (CEST)

[endre] Lydfiler

Jeg forsøkte å legge ut lydfiler med opptak av ulike diealekter under "Norske dialektar". Benyttet formatet .ogg, noe som fungerte fint på wikipedia bokmål. Men på wikipedia nynorsk ser det ikke ut til å fungere. Lydfilene blir liggende til høyre uten å følge overskriftene, og jeg får ikke hørt på dem. Vet noen hva årsaken er til at det blir så forskjellig på wikipedia nynorsk og bokmål? Hilsen Hans Petter Schrader.

For eit flott tiltak! Mal:Listen (som hjå oss heiter Mal:Høyr) verker ikkje heilt likt hjå oss som på bokmåls- eller engelsk Wikipedia. Men filene kan også visast fram som bilete, og dei kan setjast inn i galleri, noko eg har gjort no som eit eksempel. Det går sjølvsagt også an å visa dei fram på andre måtar. --Ranveig (diskusjon) 16. april 2012 kl. 10:08 (CEST)

[endre] Flere frie bilder

Wikimedia Norge hadde for en tid siden møte med infoavdelingen i Arbeiderpartiet. Vi ble invitert. Under møtet snakket vi varmt og lenge om frie lisenser, spesielt når det gjelder bilder. Vi la ikke skul på at andre partier har frigitt mange gode bilder som brukes på Wikipedia. Og nå har vi fått respons fra infoavdelingen i Arbeiderpartiet. De har laget en egen mappe som er ment for Wikipedia. Her finnes bildene. Jeg håper noen kan laste opp bildene, det er bilder av mange personer som vi har artikkel om men foreløpig mangler bilder. Vennlig hilsen --Jarle Vines (diskusjon) 16. april 2012 kl. 20:02 (CEST)

Flotte greier, ser ut som det har vore god kommunikasjon på det møtet. No har fleire av stortingspolitikarartiklane våre blitt litt finare å sjå til. Takk til Commons-opplastar òg. --Ranveig (diskusjon) 18. april 2012 kl. 15:24 (CEST)

[endre] Oversettelse på Commons

Hei! Flytter dette fra Frokor's brukerdiskusjon hit, så ikke bare han blir plaget om dette. Commons kunne trengt oversettelse av vurderingsmalen som ligger her: http://commons.wikimedia.org/wiki/Template:Assessments/nn. Merk at malen har blitt endret, og må oversettes fra bunnen av (eller diff'es). Ser at noen var inne og la inn en oversettelse, men den var dessverre basert på en gammel versjon. Mvh --Kenneaal (diskusjon) 17. april 2012 kl. 02:30 (CEST)

Eg kan ikkje sjå at det er nokon skilnad på korkje Template:Assessments/nn og Template:Assessments/no, og Template:Assessments/translate/nn og Template:Assessments/translate/no. Ikkje at eg heilt skjøner opplegget med dei to ulike undersidene; mogeleg eg sette om ei sida for mykje. Njardarlogar (diskusjon) 17. april 2012 kl. 15:52 (CEST)
Jeg er ikke helt sikker, men jeg ble nå forespurt om å oversette den norske og se om noen kunne ta den nynorske. WM-adminen er nå uansett fornøyd, så takk for hjelpen, Njardarlogar. :) --Kenneaal (diskusjon) 17. april 2012 kl. 23:40 (CEST)
Malen har blitt endret igjen, og det er nå en WMF og footer seksjon som trenger litt omskriving til nynorsk. Så hvis noen kan ta en titt igjen... ;) --Kenneaal (diskusjon) 18. april 2012 kl. 00:31 (CEST)

[endre] H.K.H. Kronprinsen kommer til Wikipedia Academy den 23. april

Wikipedia Academy 2012 Oslo JWales annonse4.JPG

Da er det offisielt. H.K.H. Kronprinsen kommer til Wikipedia Academy den 23. april for å overvære markeringen av avtalen hvor Wikimedia Foundation og Telenor gjør Wikipedia gratis tilgjengelig for 140 millioner brukere i Asia og Øst-Europa. Han kommer sammen med Jimmy Wales, bistandsminister Heikki Holmås og konserndirektør i Telenor Kristin Skogen Lund.

Kronprinsen vil også besøke den praktiske kursingen i redigering på Wikipedia, som elever ved Drømtorp videregående skole står for. Programmet starter med påmelding fra 0830 og program 0900. Det er ennå ikke for sent å melde seg på. Gjør det i dag.

Se hele programmet her.

Vennlig hilsen -- --Jarle Vines (diskusjon) 18. april 2012 kl. 15:08 (CEST)


[endre] Wikimedia Norge årsmøte på Folkemuseet

Wikimedia Norges årsmøte avholdes 26. april på Folkemuseet på Bygdøy, kl 1800. Om du lurer på hvor det er, har spørsmål om møtet eller vil foreslå noe, kontakt gjerne styreleder Jarle Vines (e-post). Styret har nylig sendt ut kontingentkrav for 2012 via e-post. Dersom du ikke har mottatt noen e-post fra Wikimedia Norge, men vil være medlem i foreningen, vennligst ta kontakt med Kjetil Ree på kjetilhr[at]gmail.com.

Velkommen!

Bjoertvedt (diskusjon) 19. april 2012 kl. 16:02 (CEST)

[endre] 2 x Wikitreff i Oslo

Hvis du ikke har anledning til å delta på akademiet på dagtid, blir det nok av tid til å treffe wikipedianere de kommende dagene:

  • Wikitreff på Lorry søndag 22.april, klokken 1900.
  • Wikitreff på Lorry mandag 23. april klokken 1900.

- Velkommen til et uformelt treff for landets viktigste kunnskapsarbeidere! På vegne av Wikimedia-styret og mange flere, Bjoertvedt (diskusjon) 19. april 2012 kl. 19:02 (CEST)

[endre] Wikimedia Noreg - Årsmøte 2012

Wikimedia Noreg held årsmøte torsdag 26. april. Eg har vore med i valkomiteen og vi har denne gongen fått med Trond som kandidat til styret. Og slik, fått ein representant frå nynorsk-wikien. Eg vonar difor at de vil nytta høvet og røyste på valkomiteen sitt forslag på torsdag. Hogne (diskusjon) 20. april 2012 kl. 08:25 (CEST)

[endre] Maskinomsetjing

I det siste har eg sett om ein del artiklar maskinelt, med dei vanlege konsekvensane (t.d. for Rana Blad): Brukar 46.212.121.14 kommenterer: Rant Blad..hoho :( Kvifor ikkje leggje inn ein ferdig artikkel heller enn to det ikkje er lese korrektur på?, og dette er eit godt poeng. Vanlegvis gjer eg også det. Grunnen til at eg ikkje gjorde det denne gongen var at dette er ein del av eit dugnadsprosjekt, der vi er fleire som arbeider med dette temaet, og eg er den av oss som har programvareoppsettet som skal til for rask og effektiv maskinomsetjing. No får så eg og andre innafor og utafor dugnadsgjengen gå gjennom lista over uferdige artiklar og rette, dei uferdige er godt merka med språkvask-mal. Viss folk er usamde i denne arbeidsmåten kan vi i framtida halde slike artiklar i andre artikkelrom mens vi språkvaskar, men det vil medføre ekstraarbeid, og vi vil også miste den fine innsatsen frå 46.212.121.14 og andre. Sjølv vil eg med andre ord heller risikere eitt og anna rant blad mens vi ventar. Trondtr (diskusjon) 22. april 2012 kl. 09:49 (CEST).

Maskinomsette artiklar har vorte lagde inn utan korrekturlesing før og problemet er at dei kan verte liggjande slik, og det i årevis. Sjå t.d. Johnny Cash og Frankfurtparalmentet.
Opprett prosjektsider og bruk sandkassar til slikt. --89.8.14.124 22. april 2012 kl. 16:08 (CEST)
Det er ikkje så enkelt, 89.8.14.124. Vi kan rett nok kjapt bli samde om at artiklar ikkje skal ligge til språkvask i 3 år., og at det er betre å ikkje la slikt ligge ope. Eg vil likevel ikkje at vi slettar slik tekst, slik du hadde gjort med Frankfurtarparlamentet, men at vi kommenterer han ut, dvs. sett teksten mellom slike symbol: <!-- ... -->. Det ligg arbeid attom maskinomsetjinga, arbeid som vi ikkje vil hive ut. Om vi ikkje vil bruke teksten (sjølv slettar eg ofte store avsnitt tekst frå nb eller en) er det bilete, bibiliografiar og anna som er nyttig. Grunnen til at eg legg det i artikkelrommet er dels at det er arbeidskrevjande å flytte det rundt, og dels at begge gongene eg har omsett mange tekstar på ein gong (no og i 2009) var det del av dugnadsprosjekt, der fleire enn meg var involvert (men vi var altså ikkje nok involvert, ser vi no). Vi er ikkje så mange på nn wp (to?) som har det filoppsettet som skal til for effektiv maskinomsetjing, viss vi avgrensar oss til å omsetje berre dei filene som vi to rekk å korrekturlese får vi ikkje brukt dette verktyet så effektivt som vi kunne ha fått (ca. 80-90% spart tid, samanlikna med manuell omsetjing). No skal eg (i lag med 89.8.14.124?) gå gjennom dei filene som har språkvask-merke. I framtida skal eg passe på at filene eg set om ikkje blir liggjande meir enn eit par dagar før eg får dei omsett, og kommentere dei ut eller ha dei over i ei sandkasse. Nye frankfurtarparlament vil vi ikkje ha, men løysinga er å kommentere dei ut, deretter å korrekturlese dei, ikkje å slette dei. Trondtr (diskusjon) 22. april 2012 kl. 16:52 (CEST).
Det er ikkje feil å fjerne uomsett stoff eller stoff det ikkje er lese korrektur på. Artiklane her skal vere på nynorsk og dei skal vere lesne over av dei som legg dei inn. Kva er i praksis skilnaden på å kommentere stoff ut framfor å fjerne det og gje beskjed om kva ein gjer i endringssamandraget? Ein kan ikkje samtidig leggje so mykje arbeid på andre (dei som må rydde etter ein) og få krevje å bestemme kvar stoffet skal kome på. Kvifor skal ikkje den som tek på seg ansvaret med å betre artikkelen slik at han vert i samsvar med korleis han skal vere i høve til retningslinjene når det gjeld språkføring også heilt utan den føringa det er å få gammalt halvmelta stoff pressa på seg, få bestemme kor han vil hente stoff til artikkelen frå? Kanskje er artikkelen på eit anna språk ryddaren meistrar betre enn bokmålsartikkelen, eller kanskje er bokmålsartikkelen vorten betre i åra frå han vart lagt inn her uferdig til han var attfunnen. Kvifor skal maskinomsetjingsopperatøren/ikkjekorrekturlesaren få bestemme at stoffet som ikkje er ferdiglaga skal liggje i artikkelen og ikkje berre i historikken? Ligg ikkje stoffet der like mykje i historikken? --46.212.236.178 22. april 2012 kl. 19:43 (CEST)
Viss det er gode grunnar til å fjerne maskinomsett tekst (korrekturlese eller ikkje) er det berre å gjere det, det er ikkje noko «press» til å bruke det meir enn det er for anna tekst her (som også kan slettast). Det er likevel ein skilnad mellom å kommentere ut med <!-- ... --> og å slette: Viss (t.d.) slettinga til 89.8.14.124 får neste skribent til å skrive ei ufullstendig liste, t.d. ein halv bibliografi der den fullstendige lista allereie var på plass i den sletta versjonen inneber det dobbeltarbeid. For lesarane er resultatet det same med sletting og utkommentering: Teksten er usynleg. Men som eg sa til 89.8.14.124: eg skal ikkje la Apertium-omsette filer bli liggande ut over arbeidsprosessen/dugnaden. Trondtr (diskusjon) 22. april 2012 kl. 22:36 (CEST).

No har eg sett på nokre opphavleg maskinomsette artiklar. Ei sak er at det etter mitt syn ligg att bokmålsrusk oftare i dei enn i artiklar som er omsett berre med menneskekraft, men verre er at det ligg at slikt som ikkje hadde vore der om det ikkje hadde vore gjennom maskinomsetjing, og som er vanskeleg for dei som les språkkorrektur å oppdage. Det vil seie:

  • Øydelagde eksterne lenkjer
    • Døme frå artikkelen Henning Berg: http://fotball.vg.no/bors/kamp.php?kamp_id=15676 var vorte til http://fotball.vg.no/kampen/til bor.php?kamp_id=15676 /bors/kamp. er altså vorte til /kampen/til bor. Dette har ingen oppdaga sjølv om artikkelen har lege her sidan 4. januar 2010 og var grundig gjennomgått når det gjaldt språket.
    • Døme frå artikkelen Hans Eidnes: http://www.stortinget.no/no/Representanter-og-komiteer/Representantene/Representantfordeling/Representant/?perid=HAEI er vorte til http://www.stortinget.no/no/Representantar-og-komitear/Representantane/Representantfordeling/Representant/?perid=HAEI
    • Døme frå artikkelen Frankfurtparlamentet: http://links.jstor.org/sici?sici=0022-2801%28196103%2933%3A1%3C15%3ATETTFP%3E2.0.CO%3B2-Q jstor var vorte til http://link sin.jstor.org/sici?sici=0022-28012<n><acr>81961032<n><acr>9333<n><acr>A13<n><acr>C153<n><acr>ATETTFP3<n><acr>E2.0.CO3<n><acr>B2-Q jstor
Slike opphakka/forvanska lenkjer virkar sjølvsagt ikkje.
  • Titlar på avisartiklar og liknande er endra
    • Døme frå artikkelen Federal Reserve System: «Should the government or the central bank be left in control of interest rate sin?» der det siste ordet skulle vore rates, ikkje sin.
    • Døme frå artikkelen Henning Berg: «Henning Berg ny Lillestrøm-trenar» kjem ein neppe til å finne att i Adressavisa og det har aldri vore på trykk noko artikkel i Romerike Blad som har heitt «Henning Berg tek over».
  • Særnamn som ikkje bør endrast er endra
    • Døme frå artikkelen Daimler AG: Sterling Truck sin (for Sterling Trucks) og Dodge Truck sin (for Dodge Trucks) og dei smått fantastiske bussprodusentnamna Orion Bums Industries og Mitsubishi Fuso Truck and Bums Corporation. Den siste er også tildelt det alternative namnet Mitsubishi Fuso Truck and Blir Budd Corporation. Desse namna står i ei opplisting. Det har truleg gjort det lettare å oversjå, for det er ikkje vanleg at slikt er endra i artiklar omsett av menneske. Artikkelen har lege her sidan 12. september 2009 med desse namna i (lagt inn på Daimler).

Dette er truleg vanlege problem som følgjer av maskinomsetjing og som dei som brukar maskinometjingsverktyet er klare over at ein må vere på utkikk etter. Men det er ikkje dei som finn att artiklane etter at dei har vorte dumpa i rå form i artikkelnamnerommet. Og då kan det stå her om selskap som heiter Thomas Built Busast og Mitsubishi Fuso Truck and Bums Corporation i fleire år, og det er uheldig, for å ikkje ta særleg hardt i. --178.232.179.157 24. april 2012 kl. 14:22 (CEST)

[endre] Vellykket Wikipedia Academy

Tydelig fornøyde deltakere under Wikipedia Academy.
Jarle Vines loste forsamlingen gjennom sju timer med program, nesten uten stans.
Engasjerte diskusjoner under påfølgende wikitreff.

Drøyt hundre deltakere virket samstemte om at det var et vellykket Wikipedia Academy. De omlag seksti deltakerne fra ABM-sektoren fikk mye faglig inspirasjon, og møtte wikipedianere som kunne lære dem et triks eller to om redigering. Elevene fra Drømtorp videregående skole i Ski gjorde en kjempejobb med å filme, fotografere, redigere, streame, og kurse brukere i Wikipedia. Med flerkameraproduksjon og overføring av livebilder til nett ble dette mer proffesjonelt enn noen kunne håpe på

De faglige innleggene var mange og gode, og mange fikk nyttige bildetips av Hans Rosbach. Det var også hyggelige avbrekk med premiering av vinnere i ulike kategorier - ikke minst Årets Wikipedianer som ble utrettelige Claes Tande og Frokor. Tande fikk en gratulasjon av Jimmy Wales og Jimmy Wales fikk en gratulasjon av Heikki Holmås, flankert av HKH Kronprins Haakon og Kristin Skogen Lund, som deltok i feiringen av Wikipedia Zero-avalen om gratis Wikipedia i Asia. De celebre gjestene la ikke skjul på at de var Wiki-brukere under en uformell meningsmåling fra Jimmy Wales'side, og etpar av dem rakk også opp hånda blant de som har redigert. Patruljører er herved advart.

Etter akademiet bar det tradisjonen tro rett til middag på Aleksandros for 23 personer, mange av dem ble med videre til Wikitreff på Lorry etter det. Fem svenske og danske wikipedianere deltok, flesteparten av dem hadde deltatt på nordisk chaptermøte dagen i forveien og var tydelig imponerte over akademiet.

De drøyt hundre deltakerne fikk møtt andre kolleger og satt et fjes på kjente navn - noe mange satte pris på. Vi ønsker hverandre allerede velkommen til neste akademi, tenker jeg!

Det var likevel terrorrettsaken og ekstrem nasjonalisme på nett som preget akademiet både før og etter. Etter at britiske aviser feilaktig framstilte at terrorsiktede Breivik hadde uttalt å ha hentet «inspirasjon» fra Wikipedia, satte norske medier fokus på hans uttalelser i Manifestet om at nasjonalister må prege Wikipedia, uttalelser som allerede i helgen fikk Wikimedia Norges leder til å etterlyse flere brukere og bidragsytere for å holde uønsket ekstremisme unna spaltene. Da Jimmy Wales ankom akademiet klokka to, gikk det ikke lang tid før NRK konfronterte grunnleggeren med trusselen om nasjonalistisk infiltrasjon av Wikipedia. Innslaget ble fulgt opp i TV2-nyhetene morgenen etter i et intervju med foreningen. Forhåpentlig bidro begge til å trekke temaet ned på jorda og få fram det attraktive i Wikipedia-modellen.

Bjoertvedt (diskusjon) 25. apr 2012 kl. 21:28 (CEST)

Flott referat, takk for det! --KRISTAGAα-ω 28. april 2012 kl. 01:03 (CEST)

[endre] Språklenker i venstremargen

De nordiske utgavene, og spesielt bokmål og nynorsk, er av de som har vært veldig opptatt av hvordan språklenker organiseres. Det er nå igang et prosjekt for å sentralisere vedlikehold av språklenker og dermed blir presentasjon av dem på de enkelte prosjekter igjen aktuelt. Diskusjonen er hovedsakelig om den skal være felles for alle språk [implementert] (følger språkkoden slavisk) eller lokal for de enkelte språk [implementert] (vilkårlig men forutbestemt rekkefølge), og om den skal være felles for alle brukere av språket [implementert], konfigurerbar for den enkelte og/eller hentet fra nettleseren og/eller om det kan brukes systemer for å lære hva som er viktige språk.

Det er ikke viktig om vi ønsker bokmål, dansk eller svensk sortert på toppen, det viktige er at vi ønsker vår egen sortering og ikke en global sortering. Dernest tror jeg brukere bør kunne legge til (konfigurere) viktige språk, men at det kan legges til hva nettleseren er satt opp med. Jeg tror også at valgte språk bør kunne utvides hvis det viser seg at en bruker svært ofte går til et språk som ikke er listet.

Selve løsningen er nå slik at alt grufs i bunnen av artikkelen som er knyttet til språklenker vil forsvinne, men at det kan overstyres på litt forskjellig vis. Typisk vil en kunne si at lenker til et spesielt språk beholdes selv om det er i strid med det systemet foreslår, ofte fordi et språk har delt en artikkel i to eller slått sammen flere artikler som er delt på andre språk.

Er dette slik resten av folket tenker, eller er noe helt annet ønsket? Det er ikke gitt at noen spesifikk løsning vil bli støttet i den endelige utgaven selv om noen av dem er implementert i m:Wikidata/Technical proposal#Phase 1: Interwiki links. Denne tråden er kun for diskusjon i nettsamfunnet og for å kunne gi innspill om hva nettsamfunnet faktisk ønsker av funksjonalitet.

Merk at jeg ikke kan love noe annet enn å viderebringe ønsker!Jeblad 28. apr 2012 kl. 14:15 (CEST)

Det kan gjerne vera muligheit for sortering, men det bør vera mulig å slå av sorteringa. Slik det no er på nn WP er ligg skandinaviske språk ofte, men ikkje alltid, på toppen. Dette er etter mi meining verre enn om dei ikkje er sorterte. --Sigmundg (diskusjon) 28. april 2012 kl. 14:28 (CEST)
Sammendrag sendt. — Jeblad 4. mai 2012 kl. 09:44 (CEST)

[endre] Kopiering av fil til Commons

Denne file http://www.ziemiaprzyszlosci.pl/samochody//w/en/File:FFADO_Logo.png er frigjeva til allmugen og burde lastast opp til Commons. Eg meiner å hugsa at det finst ein lettvint måte å gjera det på, men hugsar ikkje korleis det var. Men det er det vel einkvan som gjer? --Sigmundg (diskusjon) 28. april 2012 kl. 16:36 (CEST)

Har du freista det som står etter Copy to Commons: nedi i ein mal der? Njardarlogar (diskusjon) 28. april 2012 kl. 18:39 (CEST)
Husk å sende notis til OTRS når noe slikt blir frigitt. Du kan enten bruke permissions-commons@wikimedia.org eller info-no@wikimedia.org om du vil skrive på norsk. Det må fremgå hvem som frigir (må være den som lagde materialet) og hva slags lisens som skal brukes. — Jeblad 28. april 2012 kl. 19:29 (CEST)
Det var dette med lisensen eg ikkje er så sikker på korleis ein får med. Dette biletet er «public domain», så da er det vel berre å kopiera? --Sigmundg (diskusjon) 28. april 2012 kl. 20:30 (CEST)

[endre] Problemer med lokalisering i Wikidata

Trenger innspill på norske ord og fraser, se no:Wikipedia:Tinget#Problemer med lokalisering i Wikidata. — Jeblad 4. mai 2012 kl. 03:51 (CEST)

Anglane sitt målføre er ikkje alltid så presist, så desse orda kan ha ulike tydingar, avhengig av konteksten.
Entity: Kva med eining, eller objekt?
Item: Kva med artikkel, element, gjenstand, punkt, nummer, artikkel, ...
--Sigmundg (diskusjon) 4. mai 2012 kl. 09:01 (CEST)
Kommer til å legge inn foreløpige tekster, også på nynorsk, så kan de rettes siden. Det betyr vel at enkelte nynorskfolk vil få det veldig morsomt, men jeg vil gjerne ha med nynorsk i førsteutgaven. — Jeblad 4. mai 2012 kl. 09:50 (CEST)
Nynorskfolk har det nesten alltid morosamt, så ikkje tenk på det. --KRISTAGAα-ω 5. mai 2012 kl. 23:23 (CEST)
Observasjon, kortversjonen: ein kan ikkje omsetje noko ein ikkje skjønar på originalspråket.
Sjølv dei med engelsk morsmål vil få problem om dei skal ta stilling til omgrep som entity og item i samanheng med artiklar, interwiki og infoboksar. Eg las ein plass at metadata datamodell, der omgrepa oppstår, er ein konseptuell modell. Sjølv om modellering inneber abstraksjon av dei verklege fenomena, trur eg dette hadde vore enklare å fatte om omgrepa var forankra i det som folk møter på skjermen når dei nyttar Wikipedia. (Article, Talk, Language, Infobox, ...)
Framlegg: desse omgrepa er så uklåre på originalspråket at vi like gjerne kan bruke den engelske versjonen fram til vi ser konsekvensane av det. Heller det enn å omsetje til noko endå meir uklårt. --Roar (diskusjon) 6. mai 2012 kl. 11:24 (CEST)

Med bakgrunn i m:Wikidata/Glossary (merk at noen punkt om language attribute og site links mangler på bokmålsoversettelsen og en nynorskoversettelse av siden mangler helt) har jeg satt opp forslagene som fremgår av oversikten på Translatewiki. Det vil komme flere. Hvis noen har endringsforslag så skriv de enten på diskusjonssiden til den norske utgaven av glossary (bokmålversjonen), eller gjør rettingene rett i Translatewiki. Viktigste forskjell fra bokmål er at jeg har brukt merkelapp istedenfor etikett, og det noe svakere påvist istedenfor identifisert. Det er ingen krise om det blir feil i de første rundene, men det hadde vært hyggelig om både bokmål og nynorsk var på plass samtidig. — Jeblad 13. mai 2012 kl. 00:30 (CEST)

[endre] Nokre brukarrettar

Slik som det er no, kan ikkje Byråkratar fjerna administratorstatus frå andre brukarar; men dette har ein høve til å endra lokalt på wikiane. Grunnen til at eg meiner at det kunne vera tenleg at byråkratar kan fjerna adminstratorrettane, er at tidlegare ordskifte har gjeve uttrykk for at det finst eit ynske om at inaktive administratorar skal verta normale brukarar att (fjerna listefyll).

Eit anna punkt er dette med patruljørar. Med det høge talet på anonyme endringar, er det bortimot uråd å får bort alle dei raude utropsteikna, men eit høve til å utnemna patruljørar vil i minsto gjera det eit meir realistisk mål. I tillegg til å patruljera, kan patruljørane rulla attende endringar og verta meir effektive enn vanlege brukarar i kampen mot vandalisme.

Det var eit tidlegare ordskifte Nett dette har tidlegare vore nemnt, men eg freistar på nytt. Meininga med patruljørar er det fylgjande: det er ikkje alle som vil ta på seg ansvaret som dei føler at fylgjer med det å verta administrator. Dette har vore oppe eit serskilt ynske om nettopp å verta patruljør. På bokmålswiki er det slik at både administratorar og byråkratar kan gjera brukarar til patruljørar, og det er vel noko me eventuelt kan vidareføra her.

Me kan slengja på ei røysting om nokre dagar på desse to punkta. Njardarlogar (diskusjon) 6. mai 2012 kl. 10:56 (CEST)

Høyrest ut som to gode idéar. Inaktive administratorar kan føra til «ubesvarte anrop» om ein ber dei om hjelp og ikkje får svar. Enklare de- og reaktivering kunne kanskje forbetra dette.
Og ja, lista av upatruljerte endringar veks seg altfor ofte for lang. Om nokon verkeleg ønskjer seg ei rolle som patruljør utan å ha administratorverktøya i tillegg, burde dei få lov til det. --Ranveig (diskusjon) 6. mai 2012 kl. 11:38 (CEST)
Samd.--Andreasv (diskusjon) 10. mai 2012 kl. 11:01 (CEST)

Greitt, det ser ikkje ut til å vera den heilt store kontroversen her, so eg legg inn avrøystingane under. --Njardarlogar (ordskifte) 10. mai 2012 kl. 19:26 (CEST)

Er det noe poeng med avstemming når alle ser ut til å vera einige? --KRISTAGAα-ω 12. mai 2012 kl. 00:13 (CEST)
Tja, eg har to ting å seia til det. For det fyrste, var det berre tre personar, meg sjølv inkludert, som hadde uttala seg før røystinga byrja. Det kan jo tenkjast at resten var skeptiske utan at dei tok til orde, eller at dei eigentleg ikkje hadde ei meining. Ei røysting hjelper til med å finna ut av dette.
For det andre, so har eg inntrykk av at dei på Bugzilla gjerne ynskjer ei røysting, slik at det er openbert at framlegget er støtta (slik som skildra hjå mw:Bugzilla). --Njardarlogar (ordskifte) 13. mai 2012 kl. 10:06 (CEST)
For min del så ser det ut til at konsensus er oppnådd forlengst, men eg kan godt vise at eg er einig. Dei som ikkje har sett diskusjonen ser nok heller ikke avstemminga og viss dei som evt. er mot ikkje har sagt noe til nå kjem dei sikkert ikkje til å stemme mot heller. --KRISTAGAα-ω 13. mai 2012 kl. 11:11 (CEST)
Om du siktar til dei tidlegare ordskifta eg lenka til, so er det mest i forbifarten at patruljørar har vore nemnde før; det har ikkje vore mange kommentarane kring dette. Når det gjeld det at byråkratar skal kunna fjerna administratorstatus, so har ikkje det vore diskutert før; berre om inaktive administratorar skal missa administratorstatusen, noko som er eit eige emne.
Mangel på innspel vil eg elles heller ikkje tolka som semja. --Njardarlogar (ordskifte) 13. mai 2012 kl. 12:29 (CEST)

Eg la inn ein førespurnad på Bugzilla i dag tidleg (førebels berre om byråkratretten), og fekk til svar at 5 røyster ikkje var mykje å skryta av. So om her er fleire som har ei meining om framlegga, er det fint om de røystar. --Njardarlogar (ordskifte) 15. mai 2012 kl. 16:38 (CEST)

Fikk en mail på steward-mailinglista om dette, og syns det er lite gjenomtenkt. Om byråkrater skal kunne fjerne administrator-rettigheter må komme etter en policy om når det er ønskelig at administrator-rettigheter skal kunne fjernes. Per i dag så fjerner stewards administrator-rettigheter fra inaktive administratorer i løpet av minutter hvis det finnes en policy om at inaktive administratorer skal miste rettighetene sine. Å flytte dette over fra meta uten å vite når og hvordan rettigheter skal fjernes er dumt. Laaknor (diskusjon) 16. mai 2012 kl. 21:59 (CEST)
Retningsliner er uavhengig av kven som eventuelt skal fjerna administratorretten - vert det semja kring det at ein eller fleire administratorrettar skal fjernast, er utfallet det same om ein forvaltar eller ein lokal byråkrat gjer det. Meininga med framlegget er at me skal kunna handsama dette lokalt, på lik lina med administratoroppnemning. Det finst fleire prosjekt som meiner det same. --Njardarlogar (ordskifte) 16. mai 2012 kl. 23:12 (CEST)

[endre] Skal byråkratar kunna fjerna administratorstatus?

Merk at denne avrøystinga ikkje gjeld når ein byråkrat skal kunna ta bort administratorstatusen til ein brukar, berre at det skal vera fysisk mogeleg.

[endre] For

  1. For For --Njardarlogar (ordskifte) 10. mai 2012 kl. 19:26 (CEST)
  2. For For --Frokor (diskusjon) 13. mai 2012 kl. 00:59 (CEST)
  3. For For --Knut (diskusjon) 13. mai 2012 kl. 07:24 (CEST) (som dessutan er samd med Kristaga)
  4. For For --Andreasv (diskusjon) 13. mai 2012 kl. 08:52 (CEST)
  5. For For --KRISTAGAα-ω 13. mai 2012 kl. 11:11 (CEST)
  6. For For --AlexanderMG (diskusjon) 15. mai 2012 kl. 18:07 (CEST)
  7. For For --Anne-Sophie Ofrim (diskusjon) 15. mai 2012 kl. 18:43 (CEST)
  8. For For --Kjetil_r 17. mai 2012 kl. 21:21 (CEST) (som ikkje er så aktiv på nynorsk Wikipedia, men som stør nn.wikis rett til å setje i verk bug #36856)
  9. For For -- Hogne (diskusjon) 22. mai 2012 kl. 13:18 (CEST)
  10. For For --Kaitil (diskusjon) 22. mai 2012 kl. 14:52 (CEST)

[endre] Mot

[endre] Skal me innføra brukargruppa «patruljør»?

Førespurnad er lagd inn. --Njardarlogar (ordskifte) 19. mai 2012 kl. 15:01 (CEST)

[endre] For

  1. For For --Njardarlogar (ordskifte) 10. mai 2012 kl. 19:26 (CEST)
  2. For For --Roar (diskusjon) 12. mai 2012 kl. 16:01 (CEST)
  3. For For --Frokor (diskusjon) 13. mai 2012 kl. 00:59 (CEST)
  4. For For --Knut (diskusjon) 13. mai 2012 kl. 07:25 (CEST)
  5. For For --Andreasv (diskusjon) 13. mai 2012 kl. 08:53 (CEST)
  6. For For --KRISTAGAα-ω 13. mai 2012 kl. 11:11 (CEST)
  7. For For --AlexanderMG (diskusjon) 15. mai 2012 kl. 18:07 (CEST)
  8. For For --Anne-Sophie Ofrim (diskusjon) 15. mai 2012 kl. 18:43 (CEST)
  9. For For --Hogne (diskusjon) 22. mai 2012 kl. 13:20 (CEST)
  10. For For --Kaitil (diskusjon) 22. mai 2012 kl. 14:53 (CEST)

[endre] Mot

[endre] Språkvask

Eg laga ei rekkje artiklar som må sjekkast for eventuelle feil i staving og grammatikk. Er det mogleg å ta ein titt på dei? Det er berre ei lita tekst for kvar.

Her er lista: Hand on Your Heart, Never Too Late, Please Stay, I Believe in You, 2 Hearts, Wow av Kylie Minogue, Kylie Live: X2008, KylieFever2002: Live in Manchester, Aphrodite, All the Lovers, Get Outta My Way, Better than Today, Put Your Hands Up (If You Feel Love), Aphrodite: Les Folies Tour, Diskografien til Kylie Minogue. --- Hypuxylun (diskusjon) 6. mai 2012 kl. 18:31 (CET)

[endre] Wikipedianar søkes!

Riksarkivet søker etter ein såkalla wikipedian-in-residence for ein periode. Det vert i så fall den tredje wikipedianaren i ein kulturinstitusjon i Noreg, og den første i eit arkiv. Om du kan tenka deg å bidra til formidling av vikteg kultur- og arkivmateriale, og vil jobbe i eit spanande fagmiljø i Noregs riksarkiv, ta kontakt med Wikipedia Noregs nestleiar.

Kvifor gjev de ikkje desse beskjedane på dei andre prosjekta, som wikisource og wiktionary? Og kvifor skriv de dykk Wikipedia Noreg, det er vel Wikimedia Noreg de meiner? --46.15.98.115 6. mai 2012 kl. 23:35 (CEST)
Kvifor står det på sida der de presenterer styret at leiaren er administrator på "den nynorske versjonen"? Det er venteleg nn.wikipedia som er meint med den nynorske versjonen, og han ser ikkje ut til å ha administratorrettar her. Og kvifor snakkar de om bokmålsversjonen og nynorskversjonen, som om Wikipedia var det einaste prosjektet? Er det verkeleg berre leksikon som har noko interesse for dykk? Er det ikkje meininga at de skal arbeide også for Wikisource, Wiktionary, Wikinews, Wikiversity, Wikiquote, Wikispecies, Commons og Wikibooks? --46.15.98.115 6. mai 2012 kl. 23:58 (CEST)
Med den stilen du har er det for så vidt forståeleg at du vil vere anonym, 46.15.98.115 :-( Eg har ikkje snakka med Bjoerdtvedt om dette innlegget, men svaret på det andre spørsmålet ditt var sannsynlegvis «det var ein skrivefeil». På styresida finn eg ikkje frasen «den nynorske versjonen». Vi som er her på nn wp veit godt kven som er og ikkje er administratorar, så har det snike seg inn ein feil nokon stad så skal vi nok rette på det, men helst i ein litt meir triveleg tone. Når det gjeld dei andre prosjekta: Jo, gjerne. Men samanlikna med nb og nn (?) wp er det mindre trafikk på dei. Det hadde likevel tatt deg mindre tid å kopiere Bjoertvedt si oppfordring på dei ulike sidene du meiner dei høyrer heime, enn det hadde tatt deg å skrive dette innlegget, og det hadde gjeve deg meir gjennomslagskraft for dei andre synspunkta i innlegget ditt. Trondtr (diskusjon) 7. mai 2012 kl. 00:28 (CEST).
Av utlysinga over kunne ein mest tru de ikkje ville ha søkjarar, so dulgd alt er.
Lysingar av dette slaget bør kome frå dei som har mandatet. De finn alle prosjekta her. Inntrykket av å sjå på sidene tilsvarande Samfunnshuset på eit par av desse wikiane er at Wikimedia Noreg ikkje har informert om noko som helst på dei prosjekta i nyare tid. Vel er det færre som gjer ein innsats der, men dess meir må dei få ha gjort for å få wikisource slik det no er, og dess betre kandidatar burde de kunne finne der til denne stillinga.
De treng at nokon tek dykk på auget. --178.232.94.124 7. mai 2012 kl. 09:12 (CEST)
Tror nok det hadde vært lurt å fokusere litt mindre på Wikipedia, ikke minst utgavene på bokmål og nynorsk, og kanskje mer på Wikimedia. Programmet ble opprinnelig omtalt som wikimedian-in-residence, og er en del av GLAM-initiativene. Over tid har dette blitt til wikipedian-in-residence mens begrepet wikimedian-in-residence har mer og mer blitt brukt av Open Science' som Wikimedian in Residence on Open Science.
Ellers savner jeg info om hva dette faktisk er, for sjekker jeg lista for cultural-partners så finnes det ingen info der. Finnes det en reell utlysning noe sted? Er dette en frivillig oppgave elle er det en ansettelse? (WiR er vanligvis en frivillig oppgave.) Hvis det er en ansettelse, hvem har arbeidsgiveransvar? (WMNO eller Riksarkivet?) Skal det produseres innhold, og da under hvilken lisenser og regler? (Hva skjer når en ansatt blir revertert, og kan de reverteres.) Hva skjer med opphavsrett for produsert innhold? (Er du ansatt så mister du de eksklusive rettighetene og kan ikke selv velge lisens.) — Jeblad 7. mai 2012 kl. 06:18 (CEST)

Les mer om engasjementet her.
Mvh, Bjoertvedt (diskusjon) 11. mai 2012 kl. 11:46 (CEST)

[endre] Romania og Transylvania - ungarsk eller rumensk?

Vi som skriv nynorsk er vane med at bokmålet trengjer seg fram om vi vil eller ikkje. Det å ta vare på språket som blir nytta lokalt og regionalt bør vere ei hovudoppgåve for målfolk. Då bør det også vere slik i andre land: Når det gjeld Romania nyttar ein i denne wikipediaen rumenske stadnamn på bygder/byar i Transylvania der innåt 95 % av folket talar ungarsk. Eit unnatak er bygda Torja, som heldigvis har oppslagsord på ungarsk språk (ikkje Turia - som på bokmål/engelsk osb.). Men kvifor er dei fleste andre stadene i Transylvania givne rumenske namn og rettskriving? Det er ei skam for oss som kjempar for lokale og regionale mål. La oss vere lojale mot våre ungarske brødrer/systrer i Transylvania. Byen Sfântu Gheorghe m.a. heiter eigenleg Sepsiszentgyörgy. Eg vonar ein eller annan kan gå gjennom nynorsk-wikipedia og rette opp alle desse feila frå Transyvania.

Helsing Bjørn

I geografilistene til Språkrådet nyttar dei berre dei rumenske formene for byar i Transilvania. Dei ungarske er ikkje nemnd i det heile (i stikkprøvane eg tok, har ikkje sjekka heile lista). Så vidt eg kan sjå frå folketeljinga i 2002 er det kring 19 % av folket i Transilvania som talar ungarsk (1,4 mill ungarsktalande mot totalt 7,2 innbyggjarar). Ungarsk er vel heller ikkje noko offisielt språk i Romania? Ut i frå det verkar det for meg at me bør halde på dei rumenske formene. --Frokor (diskusjon) 12. mai 2012 kl. 02:28 (CEST)

[endre] Vil du verte wikipedianer in-residence ?

Tysdag 5,juni klokka 0900 arrangerast informasjonsmøte om moglege engasjement som wikipedian-in-residence, eller wikipedianar i kulturinstitusjonar. Både Riksarkivet og einskilde museer søkjer wikipedianerar til bistand med å systematisere, planlegge og utføre formidling av vikteg kulturarv. Les meir her.

Om du har spørsmål eller ynskjer å verte wikipedianer hos ein kulturinstitusjon, kan du og ta kontakt med: Bjoertvedt (diskusjon) 21. mai 2012 kl. 18:50 (CEST)

Personlege verktøy

Variantar
Handlingar
Navigering
Skriv ut / eksporter
Verktøy
På andre språk

Polecamy: Pozycjonowanie, wózki dziecięce, Kino domowe, Viagra, Kredyty